Kompetanse

Walther Sæthre & Co as har i over 40 år satsa på intern opplæring og utvikling av eigne fagfolk som er dyktige innanfor heile fagområdet. Ein blikkenslagar frå WS utfører arbeid med naturlege materialar som stål, kopar, sink og aluminium. Vi produserar på verkstaden og monterar.

Bedriften ser det som ei viktig oppgåve å bidra til å ta vare på norsk handverkskultur, og halde ein høg fagleg standard. Samtidig som vi er opptekne av å ta vare på tradisjonar, er det og viktig å utvikle ny teknologi og nye løysingar.

Erfarne og dyktige medarbeidarar

Vi legg sterkt vekt på å behalde dyktige tilsette. Fagleg utvikling er sentralt også i vår bransje. Samtidig er vi opptekne av trivsel og miljø på arbeidsplassen - og vi gjennomfører årlege "blåturar".

Kvifor velje oss?

  • Vi har lang erfaring
  • Vi har eigen verkstad
  • Vi er erfarne tilsette